Til leseforslag
Omslag: "Blokka på Bjerke : : tretten år i tredje etasje" av Bjørn Hatterud

Vaksne

Blokka på Bjerke

Hatterud, Bjørn2023

Personlige beretningerDrabantbyer Funksjonsnedsettelser Oslo
Bestill

Anbefaling

Forelska i Bjørn Hatterud!

Nokre forfattarar vert ein kort og godt litt forelska i. For meg er Bjørn Hatterud er ein slik ein. Han skriv så fint. Språket og formuleringane er enkle, men rommar likevel så mykje. Han fortel om seg og livet sitt, men det vert aldri "sytete". Han har eit godt auge til naboane sine og skildrar dei ope og ærleg med "a human touch". At ein i tillegg kan lesa boka som ei historie over by- og drabantbyutvikling er berre eit pluss.

Om boka

I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene. På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt. «Blokka på Bjerke» er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane, sorger og gleder, nære vennskap og endringane som har skjedd med både området, blokka og Hatterud sjølv.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content