Til leseforslag
Omslag: "Diskursteori for barn og fulle folk" av Atle Berge

Vaksne

Diskursteori for barn og fulle folk

Berge, Atle2022

Bestill

Anbefaling

Arne Fjørtoft nektar å prestera, konkurrera og rapportera.

Arne Fjørtoft levde eit lukkeleg liv som jordfar og brannsupportar heilt til hans eigne vaksne ungar og yngre kollegaer på fødeavdelinga begynte å fortelja han korleis han skulle te seg. Men Arne Fjørtoft gjer opprør. Han lagar sin eigen avslappande hagediskurs som viser seg å bli svært populær. Kva skjer når dei opprørske tankane om å nekta å prestera, konkurrera og rapportera når sosiale medium?

Atle Berge har med denne boka skrive ei raljerande og ellevill bok om ta til motmæle mot prestasjonskultur og gravalvor.

Om boka

Arne Fjørtoft er jordfar og Brann-supporter. Ifølgje eiget utsegn har han det bra. Familielivet er godt og han trivast i jobben sin. På fritida dyrkar han fotballen, og felleskapet han finn blant dei andre supporterane, som reiser frå kamp til kamp, gjev mykje glede. Men rundt han, både heime og på jobb, er det unge menneske som oftare og oftare vil ha han til å endre seg. Arne blir umåteleg irritert på det han oppfattar som ein unaturleg trong til å konkurrere og effektivisere. Dei gjev han inntrykk av at han er ein trussel for det gode namnet og ryktet til både familien og fødeavdelinga der han jobbar. Arne tek opp kampen mot det som gjer livet meir stressande, likegyldig og einsamt. Og i ryggen skal det vise seg at han har støtte frå ein livsglad flokk. Omtalen er utarbeidd av BS.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content