Til leseforslag
Omslag: "Hus om natta" av Tormod Haugland

Vaksne

Hus om natta

Haugland, Tormod2022

Bestill

Anbefaling

Kan det ikkje-spektakulære vera noko å lesa om?

I ei tid prega av uro og bekymring er denne boka ei gåve. «Tenkje på noko vakkert utan å akke. Berre tenkje og takke» (Sitat frå kapittelet Tenk.)

I Hus om natta skriv forfattaren om mange små og store kvardagslege ting frå huset på Radøy. Det er flest kapittel om livet her og nå, men også nokre tilbakeskodande og nokre om andre kunstnarar han tenkjer på. Boka er eit samarbeidsprosjekt med biletkunstnar og kone, Annette Kierulf. Hennar bilete av nattlege hus forsterkar den djupe roa som kviler over tekstane i boka.

Om boka

"Hus om natta" er ei bok med korte prosatekstar og teikningar som handlar om hus, om lys og mørke, om landskap og årstider, dyr og natur, om skyene sine skiftande former og strukturar og alt som veks: tre, buskar og blomster, om møbler, reiskapar, bilete og bøker, om søvnløyse og det å gå i søvne, om ting som kan gøymast, som kan verte borte og forsvinne, og om å leve og arbeide saman og kvar for seg i dei same romma. "Hus om natta" er eit samarbeid mellom biletkunstnaren Annette Kierulf og forfattaren Tormod Haugland. Teikningane er frå serien "Nattstudier" (2017-), laga med fargeblyantar på svart papir. Tekstane har ulike format, frå dikt på få linjer til forteljingar på to-tre sider. Både bileta og tekstane har forteljingar i seg, dei er små forteljingar som ofte faldar seg ut og ber i seg lengre tidsrom.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content