Til leseforslag
Omslag: "Ivar får ansvar : roman" av Arnfinn Kolerud
Eldre barn

Ivar får ansvar

Arnfinn Kolerud

RomanarAnsvar – etikk Sommerjobb Vennskap
Bestill

Anbefaling

Å, du verda, for ein sommar det blir!

Det er sommarferie, og Ivar har det heilt perfekt! Slappar av, badar og kosar seg. Far meinar Ivar godt kan få seg sommarjobb, han er trass alt 12 år! Og lommepengar får han jo, men han gjer svært lite for den hundrelappen. Veninna hans har plutselig fått sommarjobb, til Ivar sin store forskrekkelse. Kva nå med alle planane om å gjera akkurat som dei vil? Men så blir ting snudd aldeles opp/ned for Ivar! For nå er det HAN som må betala lommepengar til foreldra!! Og kor i all verda skal han ta pengar frå, og til TO stykke?? Då må han jo faktisk jobba! Å, du verda, for ein sommar det blir!

Om boka

Ivar er tolv år og lever eit heilt vanleg liv. Men ein dag skjer det noko veldig rart: Lommepengane snur! Det er foreldra som fortel det over middagsbordet. Frå no av er det Ivar som må betale lommepengar til mor og far, seier dei, no er det hans tur å bidra til fellesskapet. For å klare dette må han skaffe seg ein sommarjobb. Men korleis gjer ein eigentleg det? I tillegg har bestevenninna Maja fått seg ekte sommarjobb på kafé. Ho serverer suppe til feriegjester og brettar fine serviettar. Dessutan dukkar det opp ein irriterande gut på kaféen. Han heiter Mons. Men er ikkje Mons eigentleg berre eit dumt kattenamn? Og kvifor går Mons rundt og ber på ei dustete padleåre? Ivar får ansvar er ei absurd og morosam historie om lommepengar, sommarjobbar og bestevenner som kanskje er i ferd med å vekse frå kvarandre. Forteljing for mellomtrinnet.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content