Til leseforslag
Omslag: "Verdas rikaste tjuv" av Marianne Gretteberg Engedal
Barn

Verdas rikaste tjuv

Marianne Gretteberg Engedal

billedbøkerTyveri
Bestill

Anbefaling

Kan ein ven kjøpast for pengar?

Når du er tjuv skal du vel stela. Det likar ikkje Kjell, sjølv om heile familien hans er tjuvar. Far hans har bokstaveleg skikkeleg flaks då han rappar eit flakslodd frå ein eldre mann, og det viser seg at han har vunne ustyrteleg masse pengar! Pengane låser han inn på eige rom. Sidan Kjell ikkje vil stela, må han finna på noko anna, og mor bestemmer at han skal byrja i korps! Akkurat som om han har lyst til det?! Og kva instrument skal han liksom spela? Men i korpset er også Bob som spelar blokkfløyte, og Bob er den stiligaste Kjell har sett. Korleis skal han bli ven med Bob? Jo, der er jo masse pengar heime, og Kjell "låner" litt då og då og kjøper seg til venns med Bob. Men ein dag er det slutt på pengane…

Om boka

Kjell er fødd inn i ein tjuvfamilie, men han vil ikkje vere tjuv. Derfor sender mora til Kjell han på korpsøving. Når ikkje du vil vere tjuv, kan du i det minste lære deg å spele eit instrument, meiner ho. Kjell vil ikkje spele i korps. Men alt snur når Kjell høyrer ein nydeleg song frå blokkfløyta til Bob, den flinkaste guten i korpset. Ein dag får familien til Kjell mykje pengar, plutseleg kan dei kjøpe i staden for å stele. Samstundes gjer Kjell alt han kan for få vere i lag med Bob, til og med tjuvestrekar! Er eit nytt vennskap i ferd med å utvikle seg? Biletbok for førskolebarn/småskoletrinnet.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content