Digihjelp
Bli tryggare på PC og mobil, kursrekke med fire samlingar
Gratis - inga påmelding
Dato
Tid
Stad
Ryfylkebiblioteket Suldal - Allrommet i kulturhuset
Arrangør
Suldal frivilligsentral
Frivilligsentralen, Ryfylkebiblioteket og Organisasjon og innbyggarkontakt tilbyr kurs for deg som ønskjer litt meir tryggleik i den digitale kvardagen. Kursa går over fire onsdagar.
21. januar: Digitale kommunale tenester og helsenorge.no
28. januar: Praktiske tips i kvardagen
4. februar: Sparebanken Norge
11. februar: Kulturhus og bibliotek
Det blir sett av tid til personlege spørsmål og hjelp kvar gong. Du treng ikkje melda deg på. Det er berre å koma.
Allereie tysdag 13. januar opnar Ryfylkebiblioteket utstilling om digital utanforskap, med foredraget «Digital brukarglede og digital tryggleik» ved Aud Jorunn Hakestad