"Nu solen går ned" - kveldsbøner og kveldssongar
Musikk og konsert
Vaksne
Kveldsbøner og songar, gode minne frå eigen barndom
Gratis - inga påmelding
Dato
sundag, 21. september
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Haldast ikkje i biblioteketSand kyrkje
Arrangør
Sand sokn
Guri L. Ravatn, busett i Ølen, har dei siste åra samla inn kveldsbøner og -songar, nytta for meir enn 50 år sidan. Slike små bøner er viktige som trusuttrykk og som folkeminne. Dette er nå blitt til boka "Nu solen går ned". Saman med gitarist Kjell Ravatn, presenterer Guri innsamlingsarbeidet og boka. Det blir musikk, opplesing og allsong. Her kan me kjenna att gode minne frå eigen barndom. Det blir høve til å kjøpa boka.
Velkomen til ei triveleg stund i Sand kyrkje med kveldsbøna og kveldssongen som tema.