Bokbad på Bjødlenuten
Ta søndagsturen med Sigri Sandberg og Judith Litlehamar til Bjødlenuten
Gratis - inga påmelding
Dato
Tid
Stad
Haldast ikkje i biblioteketBjødlenuten
Søndag 5. oktober møtest me på Bjødlenuten til bokbad! Vår eiga Judith Litlehamar skal snakka med Sigri Sandberg om bøkene hennar og om natur- og klimakrisa. Veerle Haug Tieghem spelar for oss, og Suldal bygdekvinnelag stiller med boller.
Sigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar. Ho har skrive om polarheltinner, mørkredsle og om å ro heile Sognefjorden. I den siste boka hennar, Det året eg vakna : kva skjer med naturen - og oss? går ho eit steg lenger. Ho innrømmer at ho har vore for feig. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at det er krise. For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss?
Hjarteleg velkomen til ein innhaldsrik dagshyttetur!