Naustlandet v/ Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Frå Finnmark i nord til Agder i sør - nokre av nausta som pregar kystlandskapet vårt

Bilete av forfattar Eva Røyrane
Foto: Ingvild Festervold Melien
Bilete av forfattar Eva Røyrane
Foto: Ingvild Festervold Melien
Bilete av forfattar Eva Røyrane
Foto: Ingvild Festervold Melien

Gratis - inga påmelding

Dato

tysdag, 17. mars 2026

Tid

19:30 - 21:00

Stad

Ryfylkebiblioteket Suldal - Allrommet i kulturhuset

Arrangør

Suldal sogelag

Legg til i kalender

I dette føredraget fortel og viser Eva Røyrane, forfattar av boka Naustlandet, bilete frå den store naustreisa.

Naustlandet er den nyaste i rekkja av bøker som dokumenterer verdfulle bygningstradisjonar i Noreg, etter suksessane Norges låver, Av stein, Klyngetunet og Vestlandshus. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist frå Finnmark i nord til Agder i sør på jakt etter nausta som pregar kystlandskapet i vårt vidstrakte land.

Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis. Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt tempo.

Nausta står tett på havet og byggeskikken er forma av naturen rundt dei. Nokre naust klorer seg fast på vêrharde nes, andre ligg fredelege som trygge hamner inst i ein fjord. Nokre går i eitt med landskapet, som dei sjøsamiske naustgammene, andre står som små fyrtårn i landskapet til minne om ei anna tid.

Arrangementet er gratis og ope for alle! Vel møtt!

Relatert litteratur

Kontakt

Anne Mo

456 12 973 anne.mo@suldal.kommune.no