Nyopning av biblioteket på Suldalsosen
Sosial møteplass
For alle
Hurra! Endeleg opnar biblioteksfilialen på Suldalsosen igjen!
Gratis - inga påmelding
Me har fått hjelp av Sesella Knutsvik som jobbar på fylkesbiblioteket med gode biblioteksrom før me gjekk i gang med oppussinga. Ho har hjelpt oss med fargeval og forslag til kva me kunne pynta med for å gjera biblioteket meir innbydande. Arbeidet er utført av vaktmeister, andre tilsette på Vinjar skule, elevar på Sand skule, frivillige og dei bibliotektilsette.