Til arrangement

Lesesirkel

Shared reading

Kombiner kveldsturen med lesing og bli med til Kvilehaugen på Jelsa!

Dagsturhytta på Jelsa
Dagsturhytta på Jelsa
Dagsturhytta på Jelsa

Gratis - krev påmelding

Dato

mån 29. april

Tid

18:00 - 19:00

Stad

Haldast ikkje i biblioteketDagsturhytta på Jelsa

Påmelding

Send e-post til:suldal.folkebibliotek@suldal.kommune.no

Shared reading – samlesing

To gonger i vår, 19. mars og 29. april, vil me i Ryfylkebiblioteket Suldal testa ut metoden shared reading. Me er så heldige at me har fått Anne Elisebeth Skogen til å leia samlingane for oss. Ho har lært seg shared reading-metoden på kurs hos Fylkesbiblioteket i Rogaland. Metoden er utvikla av Jane Davis i Liverpool, men er tatt i bruk mange stader i verda, m.a. i Noreg.

Samlesing er ein lesesirkel der ein ikkje les teksten på førehand. Deltakarane kan delta gjennom å reflektera omkring teksten saman med ein leseleiar eller ved å lytta.

Leseleiaren, Anne-Elisebeth, vel ut ei novelle eller eit utdrag av ein tekst, og eit dikt. Deltakarane får ikkje vita tekstane på førehand. Leseleiaren les høgt og leier ein reflekterande og undrande samtale om leseopplevinga. Målet er ikkje å analysera tekstane, men å oppleva og undra seg over tekstane saman. Deltakarane sine forskjellige perspektiv og opplevingar av teksten kan utvida leseopplevinga og horisonten for dei som deltek.

Samlesing er ei litterær, personleg og sosial oppleving. Det handlar om gleda ved å lesa og å dela opplevinga av ein tekst i fellesskap. Høgtlesinga gir ro og nærvær, ein seinkar tempoet og aukar fokuset.

Shared reading blir brukt i bibliotek, innanfor helse- og skulesektoren, i fengsel og rusomsorg og i frivillige lag og organisasjonar.

Me håpar du har lyst å vera med i denne opne lesesirkelen. Sidan me ikkje kan vera for mange i ein lesesirkel, må du melda deg på ved å senda e-post til suldal.folkebibliotek@suldal.kommune.no Første samlinga er i biblioteket på kulturhuset, og samlinga i april blir i dagsturhytta på Jelsa.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content