Teresie Hommerstad - med sykkel frå Cape til kapp

Samtale, debatt og foredrag
Ungdom
Vaksne

25 000 km, 26 land og 4 år på sykkel - ei unik reise gjennom spektakulære landskap og rike kulturar

Tre bilete av Teresie Hommerstad, eit nærbilete, eit på sykkel i ørken og eit på sykkel i snø.
Tre bilete av Teresie Hommerstad, eit nærbilete, eit på sykkel i ørken og eit på sykkel i snø.
Tre bilete av Teresie Hommerstad, eit nærbilete, eit på sykkel i ørken og eit på sykkel i snø.

Arrangementet krev billett

Dato

onsdag, 19. februar

Tid

19:30 - 21:00

Stad

Haldast ikkje i biblioteketAllrommet i kulturhuset

Arrangør

Sauda vidaregåande skule
Kjøp billettLegg til i kalender

Sør-Afrika – Noreg på sykkel!

Etter 6 år i Cape Town bestemte Teresie seg for å sykla heim i staden for å fly grunna klimaendringane og eit ønske om å redusera sitt eige karbonavtrykk.

For Teresie handla turen om meir enn å sykla. Det handla om eitt menneske sine evner og mot til å lytta til seg sjølv. Det handla ikkje minst om all omsorgen og kjærleiken i alle menneskemøta langs vegen, på tvers av landegrenser, kultur, språk, religion, kjønn og generasjonar. Det handla om nytenking og kreativitet. Å vera klimavennleg treng ikkje å være keisamt eller gå utover livskvaliteten. Tvert imot.