Til tenester og tilbod

Samlinga vår

Frøbibliotek

Visste du at det ikkje er berre bøker me låner ut? Du finn også eit frøbibliotek hjå oss.

Eit gammaldags bibliotekartotek med frøposar i skuffene.
Foto: Eva Jorna Bendiksen
Eit gammaldags bibliotekartotek med frøposar i skuffene.
Foto: Eva Jorna Bendiksen
Eit gammaldags bibliotekartotek med frøposar i skuffene.
Foto: Eva Jorna Bendiksen

Visste du at det ikkje er berre bøker me putlar med og lånar ut på biblioteket? Som så mange andre er me også opptekne av natur og artsmangfald. Er me gått heilt i frø nå, tenkjer vel du. Jo, det stemmer nesten. Nå finn du også eit frøbibliotek hjå oss. Me har sortert og fordelt frø i små posar merka med kva posen inneheld. Og korleis verkar nå det då, spør du? Jo, du «låner og gjev noko tilbake». Det vil sei – me er ikkje så strenge på den tilbakeleveringsgreia. Men skulle nå frøa du har «lånt», spira noko voldsomt og bli til flotte plantar, blir me svært glade om du samlar inn frøa når hausten er der og kjem med litt av fangsten tilbake til biblioteket.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content