Til tenester og tilbod

Samlinga vår

Meirope bibliotek og kulturhus

Ønskjer du tilgang til bibliotek og kulturhus utanom opningstidene? Få det gjennom lånekortet ditt!

Ein lånar som bruker utlånsautomaten
Ein lånar som bruker utlånsautomaten
Ein lånar som bruker utlånsautomaten

Gjennom lånekortet ditt kan me gi deg som er over 18 år tilgang til biblioteket og kulturhuset mellom 8 og 22 alle dagar i året. Alt du treng å gjera er å koma til biblioteket og skriva ein kontrakt med oss. Du kjem inn på Kulturhuset i Suldal ved å skanna bibliotekkortet ditt og tasta den personlege PIN-koden din i kodelesaren ved inngangen. Dei delane av kulturhuset du har tilgang til, er videoovervaka, og opptak blir oppbevart på ein trygg stad etter gjeldande lover. Overvakinga er av omsyn til din eigen tryggleik og for å verne om inventar og utstyr på kulturhuset.

Meirope bibliotek og kulturhus er bygt på tillit. For å oppgradera lånekortet til å gjelda som inngangskort til Kulturhuset i Suldal, må du forplikta deg til å halda følgjande reglar:-Kortet er personleg og skal berre brukast av deg.

  • -Du skal ikkje sleppa inn andre, bortsett frå barn du er ansvarleg for som føresett eller lagsmedlemmer i organisasjonen din.
  • -Du skal vise omsyn til andre.
  • -Du skal rydda opp etter deg.
  • -Du skal forlate lokalet ved brannalarm og stengetid.
  • -Du skal overhalda lånereglementet i biblioteket.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content